Torvløa ved Rotarystien er eit av dei mest besøkte turmåla i kommunen. Her finn du også vinter Stikk Ut-posten.
Erlend Friestad
1. desember startar Stikk Ut-vintersesongen. På Hareid har vi år sju vinterfotturar. Vi trur det skal vere noko for alle!
Turane i Hareid kommune
Det er to nye turar i år:
- Hammarstøylsvatnet – Ein flott motbakketur som har vore etterspurt som Stikk Ut-tur av innbyggarane. Denne turen er også godt kjend som «Feittbrennaren»
- Overåsanden – Nasjonalmonumentet – Ein kortare og flat tur på asfalt, tett på sjø og med nydeleg utsikt.
I tillegg har vi:
Samarbeider
Friluftsråda i Møre og Romsdal, i samarbeid Møre og Romsdal skikrins, kommunar og lokale lag, er no klare for Stikk Ut Vinter med både fot- og skiturar.
– Vi ønskjer å inspirere folk i alle aldrar til å komme seg ut, nyte naturen og ta vare på eiga helse gjennom vinterhalvåret, seier Hilde Ellingsæter i Sunnmøre friluftsråd og Liv Synnøve Hoel i Friluftsrådet Nordmøre og Romsdal, som administrerer Stikk Ut i fylket.
– Vintersesongen byr på ei unik moglegheit til å oppleve stillheita, det magiske vinterlyset og stjernehimmelen som berre den kalde årstida har. Med turmål fordelt over heile regionen, er det lagt til rette for fantastiske naturopplevingar for alle, uavhengig av form eller ferdigheitsnivå, seier Ellingsæter.
Eit mangfald av opplevingar
Sesongen startar 1. desember og varer til 15. april. Det er eit variert utval av turar med i årets vintersesong. Anten du likar å spenne på deg skia og gli gjennom preparerte løyper eller gå ein roleg fottur i nærområdet, finst det eit Stikk Ut-mål som passar. Det er også nokre skiturmål utanfor oppkøyrde løyper, for dei som nyttar fjellski/randoneeski.
I årets vintersesong er det 446 turar i Møre og Romsdal og Heim, derav 159 skiturar og 288 fotturar.
– Så godt som alle skidestinasjonar i fylket har Stikk Ut Ski i sine løyper. 50 skiklubbar legg ned ein stor innsats for å tilby fine skispor gjennom vinteren, seier Stig Aambø i skikrinsen.
Turtips
– Sjekk alltid vêrmeldinga før du legg ut på tur om vinteren. Kle deg etter vêret og hugs broddar og hovudlykt og kanskje noko varmt å drikke i sekken. Inviter gjerne med deg nokon på tur, det handlar om turglede, påfyll av energi og å skape gode minne, gjerne rundt eit varmt bål, seier Ellingsæter.
Deltakarar kan enkelt registrere turane sine via Stikk Ut-appen eller på nettsida stikkut.no, kor ein også finn detaljerte turomtalar og kart.
Friluftsråda og skikrinsen ønskjer alle god tur gjennom vinteren.