Stikk UT: Ordføraren sin tur i Hareid

Ordførarane i Stikk Ut-kommunane inviterer på tur. Ordførar i Hareid, Bernt Brandal, gler seg til å vise fram eit av hans favoritt-turmål. Det blir servert mat og drikke - og kanskje du tek sjangsen på eit isbad?

Bilete frå ammunisjonsbunkersane på Kvitneset. Ordførar Bernt Brandal innfelt. - Klikk for stort bilete Erlend Friestad  

Turen går frå Brandal kai til Kvitneset og vidare til Buhammaren.

Oppstart er ved parkeringa ved Kaia i sentrum av Brandal. VI starar på asfalt og på relativt flat veg, men etter kvart blir vegen noko smalare og går over i grusdekke.

Kvitneset ligg på den nordlege spissen av Hareidlandet, i havgapet ved inngangsporten til Breisundet og Storfjorden. Det er ei fantastisk naturperle og sjølv om området i dag er mest kjend for festningsverket frå andre verdskrig, vart området mykje nytta som tur og rekreasjonsområde også før krigen.

Kvitneset er rik på historie frå andre verdskrig då tyskarane brukte det som kystfort frå 1941 til krigen tok slutt. Då tyskarane kom til Brandal i tok dei seg inn i private heimar og brukte skulen i bygda ti l eit mellombels hovudkvarter. Festningsverket blei bygd av krigsfangar frå Sovjetunionen. Det bestod av skytestillingar, fangeleir, kommandobunker, tunellar og ammunisjonslager i fjell. I dag er mykje av dette framleis synleg i terrenget.

Håkon Johan Eliassen er spesialist på Kvitneset, og vil stå klar ute på Kvitneset for å ta oss gjennom noko av historia til området.    

Det vert lagt opp til kaffi og noko attåt ute på Kvitneset i regi av Brandal Vel.

For dei som ønsker det, går turen vidare til Buhammaren, ut mot Breisundet. Den etappen tek ein halvtime og går på sti.

Når: søndag 22. mai klokka 14

Lengd: om lag 5 kilometer

Turlengde: om lag 5 km. Fyrste etappe er tilgjengeleg med vogn, sykkel og rullestol

Parkering: Parkering i Brandal sentrum og ved Brandal skule.

 

Velkommen til Ishavsbygda Brandal

Isbad i Ishavsbygda klokka 13.30. Tek du utfordringa?
Brandal har ein gjeng med barske isbadarar, der badenymfene og isbjørnklubben utfordrar til eit friskt bad før turen. For dei som tek utfordringa er det oppmøte på Brandal kai litt før 13.30. Felles isbad skjer klokka 13.30.

Det vert lagt til rette for skifterom på Pakkhuset, slik at du kan gjere seg klar til å gå på tur direkte etter badet.

Ishavsmuseet er opent frå 12- 16.
Vil du lære meir om historia frå vår dramatiske sjøfarts-, fangst- og polarhistorie, anbefaler vi å ta turen innom Ishavsmuseet, som er ope frå 12.00 – 16.00. Her kan du også kjøpe deg kaffi og vaffel.