Stine Longva Veddegjerde til UKM-Landsfestival!

Vi er heldige som har mange flinke ungdomar i bygda vår, og ei av dei er Stine. Gratulerer!

bilete av Stine Longva Veddegjerde - Klikk for stort bilete Privat  

Ho har vore med i den landsdekkande kulturfestivalen UKM i mange år både lokalt og på fylkesnivå. Ho har delteke som konfransier, med song, kunst, kortfilm og musikkvideo.  No skal ho for fyrste gong vere med på UKM Landsfestival i juni som konfransier. Ei stor og spanande oppgåve som vi er sikker på ho vil meistre godt.

Stine fortel at ho gler seg veldig til denne utfordringa, og at ho har hatt mange fine opplevingar i UKM.

- Det er kjekt å vere med, bli inspirert og utvikle fleire sider av seg sjølv, og ikkje minst er det kjekt å bli kjent med andre ungdomar. UKM er ein glimrande arena for å knytte nye venskap, seier ho.

UKM lokalt vil i år bestå av fleire workshop, arenaer og scener der born og ungdom kan få vist fram talenta sine, og bli nominert til fylkesfestival hausten 2022.  UKM- Hareid har eit godt samarbeid med UKM-Ulstein og  

no i mai blir det tilbydt gratis teikneseriekurs, skrivekurs og DJ-kurs som born og ungdom frå Ulstein og Hareid kan melde seg på. Fleire andre tilbod er under planlegging, så det er berre å fylgje med framover. Vi har også eit godt samarbeid med kulturskulane i kommunane og kan nominere også frå deira arrangement.

Om du har lyst å vite meir om UKM eller har lyst å bli med, er det berre å ta kontakt med Melinda Skeide i Hareid kommune eller Marie Flatin i Ulstein kommune.