Stoppar rapportering av smittetal

Smittetala i Hareid og i landet elles har søkke ei god stund, vi droppar derfor rapporten om registrerte smitta kvar veke.

 

Denne artikkelen er over eitt år gamal og kan innehalde utdatert informasjon.

Dersom landstrenden og/eller den lokale trenden skulle stige, vil vi vurdere å ta opp igjen rapporteringa.

Det er ikkje knytt reglar eller påbod til koronasituasjonen no, men dei som er sjuke blir råda til å halde seg heime (som ved all smittsam sjukdom).