Stor opning av gjestebrygga – og du er invitert!
Hareid kommune inviterer til offisiell opning av den nye gjestebrygga og saunaen i Hareid sentrum frå klokka 12 25. mai.
Denne artikkelen er over eitt år gamal og kan innehalde utdatert informasjon.
Program:
Frå klokka 12:
- Polarstar frå klokka 12-20
- Matbodar frå klokka 12
- Kokk'n'Roll i Tampenbuda frå klokka 15. Utover kvelden blir det musikk med trubadu Ronald Øvrelid.
Klokka 13:
- Opning ved ordførar Bernt Brandal og hamnesjef Bent-Arild Grytten. Hjørungavåg Brass. Kaffi og kaker, bollar og saft til borna.
Frå klokka 13
- Klovnen Fix med trylleshow, lirekasse og ballongfigurar. “The Fest” med ansiktsmaling, såpeboblar og animasjonsfigurar.
- Snikring og teiknekonkurranse ved Bygger'n Hareid.
- Hareid og Ulstein brannvern med brannbil.
- Tombola
Her er ei oversikt over kvar du finn dei forskjellige aktivitetane:
Erlend Friestad
Publisert 14.05.2024 13:14
Sist endra 24.05.2024 14:36