Stor opning av gjestehamna – og du er invitert!

Hareid kommune inviterer til offisiell opning av den nye gjestehamna og saunaen i Hareid sentrum. 

Dronefoto av gjestehamna med omegn. - Klikk for stort bileteDet blir program og opplevingar både på gjestebrygga, sauna, Tampenbuda og Polarstar. Erlend Friestad

Laurdag 25.mai kl. 13.00

Vi riggar telt i hamneområdet og gler oss til ein festdag med musikkinnslag, bodar og mange kjekke aktivitetar for born. Hos Kokk’n Roll i Tampenbuda og om bord i skuta Polarstar finn du god mat og drikke utover dagen og kvelden.
 
Programmet startar klokka 13.00 med offisiell opning ved ordførar Bernt Brandal og hamnesjef Bent Arild Grytten.

Hjørungavåg Brass blir med, og kanskje får du sjå ein badegjeng ved saunaen.
I teltet blir det mange kjekke aktivitetar for born, blant anna trylleshow, klovn, ansiktsmåling og snikring med Bygger’n Hareid.