Sunnmøre Friluftsråd
Det blir kjekke og varierte vinteraktivitetar som ski, aking, trugetur, capture the flag med meir.
Du treng ikkje noko anna utstyr enn vinterkle, men ta gjerne med eigne ski og liknande om du har!
I år har vi auka kapasiteten med plass til 25 ungdommar!
Det er fyrste mann til mølla – og leiren er allereie halvfull – så ver rask med å melde på.
Tid: Leiren blir arrangert frå ettermiddagen tysdag 17. februar til og med laurdag 21. februar!
Stad: Nysætervatnet i Sykkylven, overnatting i hytter på Orreneset. Her vil det vere ein leiar på kvar hytte.
Pris: Vinterferieleiren med reise tur-retur, mat, alle aktivitetar og eventuelt heiskort er gratis.
Meld på her.