Takk for flott underhaldning på sjukeheimen

Sparebanken Møre har gitt støtte til at song- og historiestundar med Ingrid Nerhoel og Gunn Berit Gjerde.

Ingrid Nerhoel og Gunn Berit Gjerde har underhaldt på sjukeheimen i vår, med støtte frå Sparebanken Møre. Gunn Marthe Pieroth  

Denne artikkelen er over eitt år gamal og kan innehalde utdatert informasjon.

Hareid kommune,  ved sektor for velferd, vil takke så mykje for kjempeflotte underhaldningsstundar vi har fått på sjukeheimen/Hadartun siste vekene. Sparebanken Møre har gitt støtte slik at prosjektet til Ingrid Nerhoel og Gunn Berit Gjerde har vorte mogleg å gjennomføre. Vi takkar Sparebanken Møre som har sett verdien av at dei eldre i institusjon burde få eit underhaldningstilbod då det meste elles det siste året har vore nedstengt på grunn av koronapandemien.

Nerhoel og Gjerde har verkeleg lagt eit godt stykke arbeid i prosjektet dei har gjeve oss, der dei fletta lokale historier saman med fine, kjende songtekstar som passar fint til dei ulike historiene. Både «innatemitlane» og «uttatetemitlane», samt jonsokfeiring,  barndom og ungdomstid på Hareid – og Ulstein – har vorte mimra over gjennom song, tekst og bilete. Mongt eit samtaleemne har dukka opp i etterkant av samlingane!

På Hareid har alle einingane i institusjonen, samt dei i omsorgsbustadane, hatt tilbod om å delta på dette ein dag i veka sidan midten av februar. 

Vi seier tusen takk til dei dyktige damene, samt til Sparebanken Møre, som har villa satse på dette flotte prosjektet! Eit godt førebyggande tiltak mot einsemd for dei eldre, eit tilbod vi gjerne skulle ha fått behalde vidare.