Pixabay
Korleis kan du førebu deg på ein trygg og aktiv alderdom? Vi inviterer til ein open temadag med informasjon, inspirasjon og gode samtalar om korleis du kan leve godt – heile livet.
Arrangementet er spesielt retta mot deg som er over 65 år, men alle interesserte er velkomne. Det blir faglege innlegg, musikk, stands og sosialt samvær – og alt er gratis.
Program for dagen:
- Musikkinnslag ved Sissel Anita Riise
- Bu trygt heime – heile livet
- Planlegging for alderdom og tilrettelegging av bustad
- Branntryggleik i heimen
- Pause med sal av sveler og gratis kaffi og frukt
- Ein fysisk aktiv alderdom
- Frivilligsentralen om frivilligheit og fellesskap
- Røde Kors om besøksvenn
- Planlegging av økonomi og framtidsfullmakt
Informasjonsbodar i pausen:
Representantar frå ulike lag, organisasjonar og kommunale tenester vil vere til stades med informasjon og råd:
- Frivilligsentralen
- Saniteten
- fysioterapitenesta
- hjelpemiddel
- Røde Kors
- brannvern
- demenskoordinator
- Nasjonalforeningen for folkehelse
Inga påmelding.