Til deg som skal til vaksinasjon onsdag 21. september for oppfriskningsdose tre eller fire. Ta kontakt!

Vi ønskjer at du gjev oss beskjed allereie no dersom du ønsker å få same vaksinetype som du har fått tidlegare.
Hand som held eit doseglas med vaksine. - Klikk for stort bileteillustrasjonsfoto shutterstock  

Ring mobil nr. 468 34 785 eller kontakt Hareid helsestasjon.

Som tidlegare varsla vil vi frå og med veke 38 ha tilgjengeleg ein ny vaksinetype mot koronaviruset. Begge vaksinetypene er levert av Pfizer, Den nye typen vil i tillegg til å beskytte mot det opphavlege koronaviruset, også gje ekstra beskyttelse mot smitte av omikronvarianten BA1.

Til oppfriskingsdose (dose 3 og 4) kan du velje mellom gamal eller ny vaksinetype.

For å unngå unødig ventetid på sjølve vaksinasjonsdagen, ber vi deg no om å hjelpe oss slik at vi får ei tidlig oversikt på kor mange som ønsker gamal type.