Tilrår riving av Trudvang/Fantehuset

I sommar blei prosessen med å få Trudvang i kommunalt eige endeleg avslutta. Rådmannen rår til at huset blir rive snarast mogleg. Fantehuset er 100 år i år, men det spørs om det blir med dei 100 åra. No blir det lagt opp til at huset skal rivast. 

Denne artikkelen er over eitt år gamal og kan innehalde utdatert informasjon.

Kommunen overtar eit hus med store vedlikehaldsutfordringar. Forsamlingshuset Trudvang blei i 2010 overført til organisasjonen Fantehuset. Ein klausul i kontrakten gjorde at Hareid kommune kunne krevje å få huset tilbake om det ikkje blei nytta til kultur/ungdomsføremål eller ikkje blei tilstrekkeleg vedlikehalde.

I desember 2018 la brannvesenet ned bruksforbod på grunn av mellom manglande vedlikehald. I mai året etter blei det gjennomført ei synfaring for å sjå på bygget. Her blei det avdekka store vedlikehaldsbehov, ikkje minst grunna synlege taklekkasjar med følgjeskader. Tilstandsrapporten peiker på omfattande økonomiske kostnadar ved ei eventuell rehabilitering.

Det manglande vedlikehaldet førte til at kommunen kravde å få tilbakeført bygget. Denne prosessen har tatt tid, men blei avslutta då tinglyst skøyte kunne arkiverast hos kommunen i midten av juli.

Med bakgrunn i eigedomen sin bygningsmessige status, vurderer rådmannen det som mest tenleg å rive bygget så snart som muleg.  Dette både fordi ein ser det som lite aktuelt å rehabilitere bygget grunna omfattande kostnader og fordi bygget, med dei føreliggande og store manglane, representerer ein potensiell fare i seg sjølv.

Ordførar Bernt Brandal har tidlegare uttalt til Vikebladet Vestposten at målet er å fjerne huset.

Medlemmane i formannskapet vil få ein orientering om saka i formannskapsmøtet måndag 31. august.