Tilskot til integreringstiltak

Møre og Romsdal fylke tilbyr ei tilskotsordning for frivillige lag og organisasjonar i fylket som jobbar med aktivitetstilbod til flyktningar. 

Illustrasjonsbilete i luftperspektiv som viser mange personer som står i grupper og dannar bilete av ein vaksen og eit barn. - Klikk for stort bilete shutterstock.com

I april sette fylkestinget av 5 millionar kroner til denne tilskotsordninga som gjeld for 2022 og 2023. Formålet er at tilskotsordninga skal bidra til at frivillige lag og organisasjonar raskt kan setje i gang målretta integreringstiltak i den ekstraordinære flyktningsituasjonen.

Økonomisk ramme  

  • Det er ikkje noko øvre grense på søknadssum, men nedre grense er 20 000 kroner.  
  • Tiltaket må helst starte opp innan to månader etter tildeling.  
  • 75 prosent av innvilga beløp blir utbetalt ved tildeling og 25 prosent blir utbetalt etter godkjent sluttrapportering. Ein kan søke om fullfinansiering av prosjekta. Dugnad blir ikkje rekna som kostnad.

Kven kan søke

  • Lokale og regionale frivillige lag og organisasjonar i Møre og Romsdal som er registrert i Frivilligheitsregisteret

Kva tiltak kan få tilskot

  • Du kan søke tilskot til tiltak direkte retta mot målgruppa, til dømes formidling av informasjon, fritids- og ferieaktivitetar, møteplassar, finansiering av utstyr og transport til aktivitetar med meir, og som bidreg til språktrening i norsk/engelsk. 
  • Det blir ikkje gjeve tilskot til ordinær drift.

Les meir her om prioritering for tildeling, krav til søknad og andre viktige punkt.

Søknadsfristen er løpande, og søknaden må leverast via regionalforvaltning.no