To fakturaar for barnehage og SFO i april

Ved overgang til nytt økonomisystem i Hareid kommune, har det dessverre oppstått utfordringar med fakturautsending for barnehage og SFO.

Fortvil ikkje, du kan få betalingsutsetting. Pexels.com / Mikhail Nilov  

Denne artikkelen er over eitt år gamal og kan innehalde utdatert informasjon.

For deg som fakturamottakar betyr dette:

  • Det vart sendt ut forsinka faktura for mars, med betalingsfrist 15.4.2022.
  • Faktura for april vart sendt ut som vanleg med betalingsfrist 22.04.2022.

Vi seier oss leie for dette.  Har nokon utfordringar med å betale for begge i april, kan de be om betalingsutsetting, eller delbetaling. Ta kontakt med Ruben Kenneth Brandal på ruben.kenneth.brandal@hareid.kommune.no for å gjere slik avtale.