Tulipangåver friskar opp på sjukeheimen

Kirkedata dukka opp med famnen full av tulipanar på sjukeheimen.

Einar Aasen, dagleg leiar i Kirkedata, med hender fulle av blomster som han hadde tenkt å gi til Hareid sjukeheim. Sissel Anita Riise

Siste laurdagen i april hadde Lions sin årlege tulipanaksjon der pengane går til haldningsskapande og rusførebyggande arbeid blant barn og unge.

Kirkedata var mellom dei bedriftene som støtta opp om aksjonen og før helga kom dagleg leiar Einar Aasen med famnen full av tulipanar som han ville gi til Hareid sjukeheim.

Både han som givar og vi som mottakarar gliste frå øyre til øyre for å kunne glede kvarandre med blomster.

I løpet av helga vart det i tillegg levert ei heil bøtte med tulipanar frå Lions Club Ulstein og Hareid, så no kan vi glede oss over fargerike tulipanar som friskar opp i lokala framover

Tusen takk – «Den største gleda ein kan ha, det er å gjere andre glad»

Hareid sjukeheim