TV-aksjonen 2022 NRK "Saman reddar vi liv"

Vi treng bøsseberarar i Hareid kommune - og håper DU vil bli med på aksjonen søndag 23. oktober!

Denne artikkelen er over eitt år gamal og kan innehalde utdatert informasjon.

TV-aksjonen 2022 støttar Leger Uten Grenser sitt arbeid for å sikre heilt naudsynt helsehjelp, førebygge epidemiar og behandle kjende og ukjende sjukdomar i fire land: Den Sentralafrikanske republikk, Den demokratiske republikken Kongo, Sierra Leone og Bangladesh.

Akkurat no ventar millioner av menneske på å bli behandla av ein lege. For mange står det om livet, men tilgong til helsehjelp er inga sjølvfølge. Utan tilgong til legehjelp, vaksine eller medisinar døyr millionar av menneske kvart år.

Leger Uten Grenser samarbeider også med forskningsorganisasjonen DNDi som forskar på sjukdomar som i stor grad berre rammar fattige og nedprioriterte pasientgrupper. I samarbeid med DNDi skal delar av TV-aksjonsmidlane også brukast til å utvikle medisinar mot gløymde, dødelege sjukdomar.

Vi treng bøsseberarar!

nettsida til blimed.no kan du registrere deg allereie no.
Du kan også ta kontakt med administrasjonsavdelinga i Hareid kommune på 700 95 000, eller e-post

Takk for at du blir med - saman reddar vi liv!