TV- aksjonen 2023 - I år går pengane til Redd Barna

Bilete av ei jente som står ver ruinar etter krigshandlingar. - Klikk for stort bileteLa barn leve i fred Redd Barna

TV-aksjonen NRK 2023 går til Redd Barna sitt arbeid for å hjelpe barn som er ramma av krig og konflikt. I år går TV-aksjonen av stabelen søndag 22. oktober.

TV-aksjonen NRK 2023 - Redd Barna, "La barn leve i fred"

Redd Barna er ein partipolitisk og religiøst nøytral organisasjon, som baserer sitt arbeid på FNs konvensjon for barns rettigheiter.

Pengane frå årets TV-aksjon går blant anna til:

  • å gi barn moglegheita til å gå på skulen
  • gjenopne skular og gjere det trygt for barn å vere på skulen
  • å gjenforene barn med familien dei har kome bort frå
  • å støtte tidligare barnesoldatar
  • trygge leikeområde der barn kan utfalde seg
  • hjelp til å handtere vonde opplevingar
  • at barn som har flykta til Noreg, får ei aktiv fritid
  • sørge for at alvorleg underernærte barn får behandling og oppfølging
  • helsehjelp og støtte til sårbare barn og deira familie
  • rettleie lærarar og omsorgspersonar i korleis dei kan støtte barn i krisesituasjonar
  • mobilisere lokalsamfunnet til å hjelpe barn
  • skape trygge og inkluderande møteplassar 

Pengane vert fordelt mellom prosjekt i Ukraina, Syria, Bangladesh, Sør-Sudan, DR Kongo og Norge.

Meir om TV-aksjonen 2023 finn du her.

Bli med på årets viktigaste søndagstur 22. oktober!

Bli bøsseberar - registrer deg her