Ungdommens Kulturpris 2020 går til John Arne Riise Apelseth

Nemnda meiner at prisvinnaren har gjort ein særleg verdifull innsats innanfor kulturlivet i Hareid kommune gjennom mange år.

John Arne Apelseth får ungdommens kulturpris 2021 i Hareid kommune. Privat  

Denne artikkelen er over eitt år gamal og kan innehalde utdatert informasjon.

Prisen blei delt ut under «Min favoritt-konsert» i Hareid kyrkje måndag 21. desember. Les grunngivinga for utdelinga her.

Sparebanken Møre Hareid og Hareid kommune har i fleire år samarbeidd om å dele ut Ungdommens kulturpris. Prisen er på kr 15.000,- med eit diplom som synleg bevis.

Ungdommens kulturpris for Hareid kommune vert gitt til enkeltpersonar under 25 år, grupper, lag eller foreiningar som i løpet av året, eller som gjennom fleire år har gjort ein særleg verdifull innsats innan det utvida kulturomgrepet.

LES OGSÅ: Hareidsprisen 2020 til Arild Grimstad

Ungdommens kulturpris kan utdelast som ei oppmuntring for utført innsats, eller som eit stipend. Representantar frå Sparebanken Møre, Hareid kommune og Ungdomsrådet har gått gjennom aktuelle kandidatar og gjort eit endeleg val av prisvinnar.

Den store breidda i kulturlivet i Hareid kommune gjer at vi har mange som er aktuelle for heideren som det er å motta ein kulturpris. Vi er heldige i kommunen som har så mange unge som verkeleg står på for at vi skal ha eit levande og rikt kulturliv i bygdene våre.
Stor takk til alle desse.


I år var det mange gode kandidatar, men ein klar kandidat som merka seg ut.
Prisvinnaren i år, har vore godt synleg i det kulturelle livet i Hareid kommune gjennom mange år og på ulike arenaer.

Prisvinnaren utmerka seg i tidleg alder som ein kultur-ressurs gjennom skuleoppsettingar, i musikk- og kulturskulen, Hareid skulekorps og Hareid Ten Sing, Hareid Kyrkje og voksenkorps. I tillegg har vinnaren vore aktiv i Hareid IL i ei årrekkje.

Prisvinnaren har gleda mange – både små og store med sitt blide og omgjengelege vesen og gjennom sin innsats som dyktig musikant med å traktere ulike instrument som gitar, bass, trommer og piano. Vedkomande har vore på scena, men like mykje jobba i kulissene med media & lyd og rigg.

Årets prisvinnar har vore med på mange ulike arrangement i bygda frå små intime konsertar til store arrangement i Hareidhallen og i kyrkja.  Fleire gongar har prisvinnaren delteke i Ung Kultur Møtes (UKM) og også gått vidare til fylkesfinalen.
Gjennom si interesse for media har prisvinnaren vore aktivt deltakar i Opplev Hareid og vore ein ressurs ved å lage ein flott reklamefilm for å promotere arrangemntet.

Sist, men ikkje minst – gjer prisvinnaren ein stor innsats i å framsnakke Hareid og Hareidsamfunet som reisedestinasjon gjennom sitt arbeid som turistvert i Ålesund.

Prisvinnaren er eit godt førebilete for andre unge, og ein utmerka ambassadør for Hareid.
Ungdommens kulturpris vert gitt som påskjønning for det kulturelle arbeidet som er gjort gjennom så mange år, og som ei oppmuntring til å halde fram med dette viktige kulturarbeidet.

Nemnda meiner at prisvinnaren har gjort ein særleg verdifull innsats innanfor kulturlivet i Hareid kommune gjennom mange år.

Difor går Ungdommens Kulturpris Sparebanken Møre for 2020 til 
John Arne Riise Apelseth.