Ungdomsrådet blei heidra av kommunestyret

Ungdomsrådet i Hareid blei førre helg kåra til årets ungdomsråd i fylket.

Ungdomsrådet ved talarstolen under kommunestyremøtet. - Klikk for stort bileteOrdførar Bernt Brandal oppmoda kommunestyret om å bryte sedvana om å ikkje applaudere under kommunestyremøta. Applausen var retta til årets ungdomsråd i Møre og Romsdal, nemleg ungdomsrådet i Hareid kommune. Erlend Friestad

Ordførar Bernt Brandal opna derfor kommunestyremøtet torsdag 21. mars med å gratulere dei.

Han løfta fram det store engasjementet og særskilt arbeidet for å etablere ein god møteplass, i form av ungdomsklubb.

- Vi er kjempestolte av å ha så mange dyktige og engasjerte ungdommar i kommunen vår. Sjølv om vi ikkje brukar å applaudere i denne salen, så gjer vi det i dag, sa ordføraren.

Kommunestyremedlemmane tok ordføraren si oppmoding og gav ungdomsrådet ein skikkeleg applaus.

Tok ordet i skulesaka

Ungdomsrådet var spesielt invitert til møtet for å motta merksemda, men var også der for å følgje med i saka om framtida til ungdomsskulen. Ungdomsrådet har talerett i alle folkevalde organ i Hareid og leiar Pranaya Selva nytta denne moglegheita til å ta ordet då kommunestyret handsama saka.

 

- Får garantert høyre meir 

Ungdomsarbeidar og sekretær for ungdomsrådet, Renate Bøe, tok også ordet under seansen og haldt eit innlegg der ho skrytte av ungdomsrådet vårt:

«Då står eg her ilag med ein flott bukett ungdomar, nemleg ungdomsrådet i Hareid. Nokre av dei var i helga i Kristiansund på ungdomens fylkesting. Ungdomsrådet i Hareid var nominert til årets ungdomsråd, og den sigeren gjekk dei av med.

Prisen gjekk «til eit ungdomsråd som har utmerka seg ved enten å ha lagt til rette for medverknad for ungdom, skapt gode møteplassar, bidratt til eit allsidig fritidstilbod for ungdom eller på anna vis gjort ein særskilt innsats for ungdom i kommunen»

Vi i kulturavdelinga vil rose ungdomsrådet for innsatsen dei legg ned for ungdomen i Hareid ved å være engasjert, frampå, lyttande og reflektert.

Dei kjem med innspel, er aktive lyttarar og jobbar mot mål som gagnar ungdomen i kommunen. Dei jobbar for inkludering og er opptatt av samhald anten når det er på skulen, ungdomsklubben eller i nærmiljøet.

Gode eksempel på dette er aktivitetsdagen dei planlegg no på vårparten. Dei har lenge hatt lyst til å lage til aktivitetar i Hareidhallen for alle som vil vere med. Dei har søkt og fått midlar frå Ungdom og Fritid til å realisere desse planane. Politikarane vil vere spesielt inviterte, så invitasjon kjem.

 Eit anna eksempel er at dei har engasjert seg i Generasjonsleikane. Til det arrangementet har vi utfordra ungdomsrådet og eldrerådet til å vere med å arrangere, og begge råda er i full sving med dette.

 Dette er berre nokre eksempel på engasjementet deira.

Eg føler meg trygg på at desse ungdomane vil stå på vidare, og vi vil garantert få sjå og høyre meir frå dei!»

Vil du bu på sentral tomt med masse utsikt?

Snart kjem utsiktstomtene på Plassane for sal. Dette er sjølvbyggartomtar

Send e-post til Aina Giskeødegård Balsnes om du er interessert i ei av tomtene, eller informasjon om dei. Vi vil då halde deg oppdatert på salsprosessen, arbeidet med tomtane og anna relevant informasjon. Registreringa er ikkje forpliktande.

Sjå elles hareid.kommune.no/plassane for utfyllande informasjon.