Slik ser ein trykkaukestasjon ut innvendig.
Vebjørn Groven
Stasjonen vil sørgje for tilstrekkeleg brannvasskapasitet og vasstrykk for dei abonnentane som ligg høgast i feltet, men det vil også auke trykket for lågareliggjande abonnentar. Vi vil derfor minne om kommunen sine leveringsvilkår for drikkevatn og brannvatn:
Vasstrykket i ein normal driftssituasjon skal vere mellom 2 og 9 bar. Der trykket overstig 6 bar kan dette føre til skader på innvendig installasjonar, og abonnenten pliktar i slike tilfelle å installere trykkreduksjonsventil.
Eige brev er sendt ut til dei som truleg får eit trykk som overstig 6 bar.
Det er planlagt at stasjonen vert sett i drift 18. august 2025, slik at det er god tid for abonnentane å gjere naudsynte tiltak.