Varsel om gravearbeid og endring av ruta for buss frå Hjørungavåg

Oppgradering av Ovravegen vil i ca 4 veker framover medføre omkøyringar for bussen.

Hareid kommune
Denne artikkelen er over eitt år gamal og kan innehalde utdatert informasjon.

Plan for vegarbeidet:

Bebuarar i aktuelle område får sms-varsling. 

Torsdag, 6. oktober

Gravearbeid for oppgradering av Ovravegen på Hjørungavåg startar opp frå morgonen av.

Volda Maskin startar gravearbeidet i nord-enden av Ovravegen mot Hareid Sentrum og arbeider seg mot Hjørungavåg.

Fyrste etappe vert fram til løda ovanfor Ovravegen 45. Vegen der må difor stengast midlertidig.
Bebuarar i Ovravegen 50, 51, 49 og 47 må i denne perioden nytte nedkøyring via Verkstadvegen.

Endring av køyreruta for buss

Bussen vil i perioden som arbeidet pågår køyre følgande rute: Bautevegen, ned Verkstadvegen og vidare mot Hareid.

Alle som skal med bussen må difor gå til Bautevegen, i krysset for avkøyring til Verkstadvegen, for å gå på bussen.

Buss køyrer til vanleg rutetid, men kan få noko tidsforskyvning i forhold til oppsett rutetid på grunn av omkøyringa. Det er difor tilrådd at passasjerar er ute i god tid!