Varsling av innbyggarane

Hareid kommune brukar varslingssystemet Varsling24 for å varsle innbyggarar i kommunen ved hendingar som krev rask informasjon. Vi varslar på SMS til mobiltelefon, talemelding til fasttelefon og e-post. 

Klikk for stort bilete Pexels.com/monicor

Når blir systemet brukt?

Systemet vil bli brukt ved til dømes vasstenging, stengde vegar, evakuering og andre forhold som krev rask informasjon. 

Sjekk om du er registrert

Det finst to ulike register du kan velje å registrere deg i for at vi skal nå deg. Her kan du også kontrollere om du allereie er registrert.

1. norge.no/oppdater-kontaktinformasjon 
I dette felles nasjonale kontaktregisteret rår vi deg til å leggje inn både mobiltelefon og e-postadresse då mange førespurnadar frå det offentlege vil skje her i framtida.

2. varslemeg.no
er det eit tilleggsregister du nyttar om du ønskjer å motta varsel for ei adresse som du ikkje er registrert med bustadadresse på, til dømes hytta eller pendlarbolig.

Bedrifter

Bedrifter må registrere nøkkelpersonar ved å gå inn på varslemeg.no Du kan registrere så mange nummer du vil per adresse.

Sjå meir informasjon om varslingssystemet Varsling24 på varsling24.no