Vassbrot i Strandgata: Stengt veg og abonnentar utan vatn

Vi har oppdaga ein lekkasje i hovudvassleidninga ut mot Ytre-Hareid.

Strandgata vil vere stengt frå nummer 99-136 medan arbeidet pågår. Harald Berstad  

Denne artikkelen er over eitt år gamal og kan innehalde utdatert informasjon.

 

OPPDATERING kl 1315: Vassbrotet er fiksa og vatnet er tilbake i kranene. No held vi på å lukke grøfta.

***

Brotet/lekkasjen er i Strandgata. Vegen er stengt frå Strandgata 99-136. Omkøyring er skilta via småbåthamna.

Om lag 40 bebuarar vil miste vatnet når vi skal bøte brotet. Det vil skje frå om lag klokka 11. Arbeidet kjem til å ta tid, så vatnet vil antakeleg vere vekke utover kvelden. Dette gjeld begge sider av vegen, frå Kjøpmannsgata 1 (Sansibar) til Strandgata 176 A og B. Alle dei råka har fått tekstmelding. Vatnet vil bli skrudd på utan varsel.

Måndag mistenkte vi vassbrot då forbruket på leidningsnettet var uforholdsmessig stort. Vi gjorde søk og fann lekkasjen måndag kveld. Den er sopass stor at den måtte takast med ein gong.

Saka blir oppdatert.