Ved Ressurssenteret treng vi snarast fleire dyktige kollegaer! 

Er du interessert i ei meiningsfull og gjevande stilling og er motivert for varierte utfordringar, så oppfordrar vi deg til å søkje snarast og innan fristen: måndag 1. august 2022.

Bilete viser planleggingsmøte på kontoret. - Klikk for stort bileteRessurssenteret buset flyktningar og koordinerer eit heilårleg introduksjonsprogram. pexels.com  

Få nyheiter frå Hareid kommune rett i innboksen - trykk her!

Tre-fire gongar i månaden, og ved særlege hendingar, sender vi ut nyheitsbrev. Til no har vi om lag 600 abonnentar, i tillegg til alle tilsette.

Du vil få informasjon om møta i dei folkevalde organa, bli oppdatert på koronasituasjonen, oversikt over ledige stillingar og andre hendingar i kommuenen.

Trykk på denne lenka for å gå til påmeldingssida.

Vi har 3 utlyste stillingar som skal ha sitt arbeid knytt til flyktningar.

Vi treng både ein miljøarbeidar og ein programrådgjevar i 1-års engasjement. Administrasjons- og koordinatorstillinga er eit kortare engasjement på 4,5 månadar – men viktig – spesielt for å få flyktningar i praksis og jobb. Alle stillingane er 100%.

Her kan du søkje på stillingane.

Ressurssenteret held til i Strandgata 57 og har 11 medarbeidarar som jobbar med busetjing, kvalifisering og opplæring. Du vil få moglegheita til å bli ein del av eit godt fagmiljø, med dedikerte og kunnskapsrike tilsette. Vi har eit godt arbeidsmiljø og høg trivnad på jobb.

Kanskje nettopp du blir ein del av vårt team? Det ser vi fram til!  

Har du spørsmål, kan du vende deg til rektor/einingsleiar: på e-post trine.pilskog@hareid.kommune.no eller tlf 901 52 322.