Vekst i Hareid inviterer til ope møte om reiseliv, med fokus på inspirasjon og praktiske tips
- Sommaren 2026 kjem dei fyrste cruiseturistane til Hareid. Korleis skal vi ta imot dei slik at det blir mest mogleg verdiskaping lokalt? Og kva nye tilbod kan det vere lurt å satse på?
Hareid kommune
Tid: onsdag 3. desember kl 18-20
Stad: Millennium cowork
For kven: Alle som driv næring retta mot turistar – eller som kanskje har lyst til å gjere det i framtida.
Desse vil halde innlegg denne kvelden:
- Tom Anker Skrede frå Destinsjon Ålesund og Sunnmøre orienterer om arbeidet til Hareid cruisenettverk.
- Jacob Bredesen frå Port of Nordfjordeid vil fortelje om erfaringane deira med cruiseturisme. Han vil også kome med praktiske råd til korleis ein kan auke omsetninga desse dagane.
- Anniken Aakvik frå Offbeat Adventures vil fortelje om sitt arbeid med reiseliv.
- Robert Voldnes vil informere om hoppid-ordninga til Hareid kommune.
Les meir og registrer deg her.
Publisert 21.11.2025 15:16
Sist endra 21.11.2025 15:16