Velkomen til innskriving av skulestartarar i Hareid kommune

Det nærmar seg tid for innskriving av elevar som er fødde i 2018 og som skal byrje i 1. klasse i august 2024. 

Datoen for alle skulane er fredag 9. februar

Innskrivinga varer om lag 10-15 minutt per elev. Vi tek imot dykk fortløpande når de kjem. For at det ikkje skal hope seg opp med for mange elevar og føresette på ein gong, har vi delt opp i puljar etter etternamn.

Dersom dag ikkje passar, ta kontakt med rektor på skulen ditt barn skal gå på. Sjå her for kontaktinformasjon.

Kart over Hareid skule med kryss ved inngang - Klikk for stort bilete

Hareid skule: administrasjonen

(hovudinngang, følg trappa til toppen).

Elevar med etternamn som startar med

  • A - Br møter mellom klokka 9.00-10.30           
  • Bs - J møter mellom klokka 10.30-12.00
  • K - R møter mellom klokka 12.00-13.30
  • S - Å møter mellom klokka 13.30-15.00
  •  
Kart over Bigset skule med kryss ved inngang  - Klikk for stort bilete

Bigset skule

Biblioteket, inngang hallen nede

Elevar med etternamn som startar med

  • A-M møter mellom klokka 09.00-11.00 
  • N-Å møter mellom klokka 12.00-14.00        

 

 

Kart over Hjørungavåg skule med kryss ved inngang - Klikk for stort bilete

Hjørungavåg skule

Hovudinngang på framsida av skulen

Elevar med etternamn som startar med

  • A-M møter mellom klokka 10.00-12.00
  • N-Å møter mellom klokka 13.00-14.00

 

Brandal friskule

Brandal friskule skal ha innskriving onsdag 7. februar. Meir informasjon om innskrivinga, får dei som har meldt seg på e-post. På nettsida finn de kontaktinformasjon til skulen. Her ligg det også søknadsskjema for dei som ikkje meldt interesse. 

 

Skuleåret 2024/2025

Kommunen har henta inn skulestartarane frå Folkeregisteret, slik at vi har namn og kontaktpersonar/føresette på alle som bur i Hareid. Vi kjem til å hente inn ytterlegare informasjon under innskrivinga. I tillegg ønsker vi å dele informasjon med heimane før skulestart.

Om det skulle vere nokon som planlegg å flytte til Hareid kommune i 2024 og har born som skal byrje i 1. klasse, ber vi om at føresette kontaktar skulen om dette.


Ha med skjema

Føresette må innan 7. februar 2023 fylle ut innskrivingsskjemaet elektronisk. Om du ikkje har gjort det, så finn du skjemaet her via denne lenka.

Elevane skal også sjølv få fylle ut sitt eige innskrivingsskjema. Det blir sendt frå rektor til barnehagane. Elevane skal levere dette skjema til rektor på skulen på innskrivingsdagen.

 

Førskuledag

Torsdag 12. juni kl. 9-12 er det førskuledag. Skulestartarane møter på skulen ved hovudinngangen til skulen. De får møte medelevar, lærar og rektor.

 

Fyrste skuledag

For skuleåret 2024/2025 er fyrste skuledag måndag 19. august. Då møter fyrsteklassingane saman med føresette. Meir informasjon om skulestart vil de få i eige brev.


Påmelding SFO

I Hareid kommune er det tilbod om SFO ved alle barneskulane for born i 1.- 4. klasse, og i 1.-7. klasse for born med særskilde behov. Plassen i SFO gjeld frå tildeling og fram til og med 4. klasse,  eller til plassen vert sagt opp av føresette eller kommunen.

Les meir om og søk plass på SFO her.

Frist for påmelding til SFO er 15. april.

 

Bruk av Ipad/digitale verktøy

Dei minste borna i grunnskulen, 1.-7. klasse,  nyttar Ipad som digitalt verktøy i opplæringa. Elevane får kvar sin Ipad, som skal nyttast både på skulen og heime etter fastsette bruksreglar. Det blir sendt ut meir informasjon ved skulestart.

 

System for kontakt mellom skule og heim

Hareid kommune nyttar systemet Vigilo for å halde kontakten med foreldre og føresette. Det kan du lese meir om her.