Ver raus - lag plass

10. oktober er verdsdagen for psykisk helse, og den markerer vi i Hareid kommune på ulike måtar.

To personar som sit på ein benk og pratar i solnedgang - Klikk for stort bilete Pexels.com
Logo for verdsdagen for psykisk helse - Klikk for stort bilete

Årets tema er #Lagplass. Vi treng alle å høyre til. Kvar femte person i Norge har få eller ingen å vende seg til når dei har det vanskeleg, og det er fleire som er einsame no enn før pandemien. Forsking viser at det å gjere noko meiningsfullt saman med andre er viktig for å motvirke einsemd, utanforskap og psykiske belastningar.

Slik markerer vi dagen i Hareid kommune:

3. oktober klokka 11-15:

Teneste for psykisk helse og rus vil ha stand utanfor helsehuset. Tilsette vil vere tilgjengeleg for ein prat og dele ut materiell.

5. oktober klokka 19-21:

Klubbkveld for ungdom på ungdomsklubben der vi markerer verdsdagen for psykisk helse.

6. oktober:

Ungdomsskulen markerer verdsdagen for psykisk helse i skuletida:

0815- 1230: Stand ved skulehelsetenesta, quiz m.m.

1330-1355: Fredagsdisco

Elevmentorane vil vere aktive og synlege denne dagen og skal dele ut fruktbeger i matfri.

Veke 41:

Har du lyst å finne ein sosial møteplass? I Hareid kommune finns det mange lågterskel møteplassar som er opne for alle som vil. Biblioteket markerer verdsdagen for psykisk helse med tema «Lag plass» med utstilling/plakatar med informasjon om nokre av dei ulike lågterskel møteplassane vi har i kommunen. Kanskje finn du informasjon om noko som kan passe deg? 10. oktober er folkehelsekoordinator og leiar på frivilligsentralen tilgjengeleg på biblioteket for ein kaffi og prat/spørsmål ang lågterskeltilbod frå kl 14-16.

Les meir om temaet for årets markering.