- Ver skeptiske til framande som tek kontakt

Ein elev ved ein av barneskulane i Hareid kommune blei forsøkt lokka inn i ein bil tysdag. No ber kommunalsjefen føresette om å prate med barna.

- Eg oppmodar føresette om å prate med borna sine om å vere skeptiske når framande tek kontakt og vil ha dei med. Då skal dei ikkje bli med – uansett kva den framande lokkar med, seier kommunalsjef for læring og kultur, Helge Hamre. 

Eleven som vart utsett for hendinga let seg ikkje overtale, sa frå om episoden heime og saka er meld til politiet. Rektorane ved barneskulane har også send ut melding om hendinga til føresette i skulen sitt skuleadministrative system, Vigilo.