Vi arrangerer masse kjekke aktivitetar for born og ungdom i sommar!

No er det sommarferie og mykje kjekk aktivitet for born og ungdom i Hareid. Alle aktivitetane er eit gratistilbod frå kommunen! Komande veke vil det være aktivitet på dagtid, medan resten av ferien vil det verte lagt opp til kveldsarrangement.

Bilete av bålpanne. - Klikk for stort bilete Pexels.com

Sjå tidspunkt og påmeldingsinformasjon for aktivitetane nedst i artikkelen.

 

Open symjehall, idrettshall og ungdomsklubb

For dei yngste, i alderen 10-13 år vil vi strte ferien med å ha open symjehall/idrettshall og open ungdomsklubb med gratis lunsj.

 

Workshops

Cupcake workshop på ungdomsklubben der du kan lære å lage og dekorere muffins og bandworkshop der vi møtast på Bigset kulturose for å øve oss i å stå på ei scene, eller øve på å spele i band. Møt Brøytekant som vil rettleie deg og gi deg tips og triks til å bli ein god musikar!

 

Metizport og sommarles

Vi har leigd inn Metizport, så vi starta ferien med gaming på helsehuset måndag og tysdag, ope for alle, drop innom. Kan også minne om sommarles på biblioteket som pågår i heile sommar.

 

Rundt bålet

Ungdomsklubben og Husflidlaget ønska å invitere til ei kjekk stund ilag i sentrum. «Rundt bålet» er eit tiltak med Husflidlaget som passar ute i naturen. Det vert rom for fysisk utfalding og sosial samhandling som stimulera fantasi og skaparglede, dette ser vi fram til.

 

Kveldstilbod

I veke 27, 28, 32 og 33, vert det aktivitet i Åsendalen for alle i ungdomsskulealder til 18 år. Her vert det grilling, rebus, konkurransar og spel.

Ungdomsklubben vert også open torsdagane i same veke, for sosialt samvær med biljard, PS5, bordtennis, brettspel og god kveldskos med milkshake, pizza og nysteikte bollar.

Juni

Måndag 26. juni:

Tid: 09-12 - Open symjehall, ope for alle, påmelding til Renate via tekstmelding til 99 36 09 23

Tid: 12-16 – Gaming med Metizport på Helsehuset, ope for alle.

Tysdag 27. juni:

Tid 09-12: Open idrettshall, ope for alle.

Tid 12-16 - Gaming med Metizport på Helsehuset, ope for alle.

Onsdag 28. juni:

Tid: 11-14 – Open ungdomsklubb med gratis lunsj.

Alder: frå 4. klasse

Torsdag 29. juni:

Tid: 14-17 . Rundt bålet aktivitet. Samarbeid med Husflidlaget i Åsendalparken, gratis grillmat og aktivitet.

Alder: frå 4. klasse, påmelding til ungdomsarbeidar Renate via tekstmelding til 99 36 09 23.

Fredag 30. juni:

Tid: 12-15. Cupcake workshop. Kurset for deg som ønske å lære å lage og dekorere cupcakes.

Alder: frå 4. klasse, påmelding til ungdomsarbeidar Renate via tekstmelding til 99 36 09 23.

 

Juli

Tysdag 4. juli:

Tid: 19-21, Grilling i Åsendal parken. Gratis grillmat, konkurranse, rebusløp og spel.

Alder: frå 8. klasse – 18 år.

Onsdag 5. juli:

Tid: 17-20, Bandworkshop på Bigset kulturoase. Lær å stå på ei scene eller spel eit instrument

Alder: Ope for alle

Torsdag 6. juli:

Tid: 19-21, Open ungdomsklubb med god kveldsmat som milkshake, pizza og fersk bakst.

Alder: frå 8. klasse – 18 år

Tysdag 11. juli:

Tid: 19-21, Grilling i Åsendal parken. Gratis grillmat, konkurranse, rebusløp og spel.

Alder: frå 8. klasse – 18 år.

Torsdag 13. juli:

Tid: 19-21, Open ungdomsklubb med god kveldsmat som milkshake, pizza og fersk bakst.

Alder: frå 8. klasse – 18 år

 

August

Tysdag 8. august:

Tid: 19-21, Grilling i Åsendal parken. Gratis grillmat, konkurranse, rebusløp og spel.

Alder: frå 8. klasse – 18 år.

Torsdag 10. august:

Tid: 19-21, Open ungdomsklubb med god kveldsmat som milkshake, pizza og fersk bakst.

Alder: frå 8. klasse – 18 år

Søndag 13. august:

Tid: 14-22 - UKM-FESTIVAL! Kunstutstilling, program og after party.

Alder: frå 4. klasse

Tysdag 15. august:

Tid: 19-21, Grilling i Åsendal parken. Gratis grillmat, konkurranse, rebusløp og spel.

Alder: frå 8. klasse – 18 år.

Torsdag 17. august:

Tid: 19-21, Open ungdomsklubb med god kveldsmat som milkshake, pizza og fersk bakst.

Alder: frå 8. klasse – 18 år