Vi arrangerer tryggleiksvandring i Hareid sentrum

Kvar er det trygt å gå og kvar kjennest det utrygt? Ver med oss ut på tur i gatene i Hareid sentrum torsdag 25. januar.

Dronebilete Hareide, natt. - Klikk for stort bilete Erlend Friestad

Tryggleiksvandring er ein metode for å skape eit tryggare nærmiljø. Lokalkunnskap bidreg til at ein veit noko om kva stadar som opplevast som trygge, og kva stadar som opplevast utrygge, og ein veit noko om kvifor det er slik. 

På denne lenka kan de finne meir informasjon om tryggleiksvandring (frå side 14).

Tryggleiksvandringa startar klokka 1900 med ei kort informasjonsøkt på rådhuset, før vi går ei vandring i sentrum. Vi avsluttar med ei samling på rådhuset der vi saman går gjennom det vi har notert, sett og tenkt under vandringa.

Vi har med oss både ungdom, politi, administrasjon og ordførar, og vil gjerne ha med oss deg også.

Vel møtt!

NB: Hugs refleks!