Vi gratulerer Willy Nesset med Kongens fortenestmedalje

Utmerkinga blei delt ut av ordførar Bernt Brandal under Hafestival sitt arrangement på kyrkjelydshuset laurdag 31. august.

Willy Nesset med kongens fortenstmedalje, flankert av kona Sølvi Nesset og ordførar Bernt Brandal. Erlend Friestad

Sjå stort biletegalleri lenger nede.

Willy Nesset er ein av dei sju medlemmane av foreininga Hafest. Det siste året har dei kvar siste laurdag i månaden halde konsertar i kyrkjelydshuset i Hareid sentrum. Denne laurdagen var det vokalgruppa Vox Virorum som opptrådde med eit program for å feire Johan H. Grimstad - som ville vore 100 år.

Kyrkjelydshuset var fullsatt og publikum fekk seg ein stor overrasking då det blei kjend at det var Hafest eigen Willy Nesset som var den som skulle heidrast.

Prisen blei delt ut av ordførar Bernt Brandal. Prisvinnaren fekk ståande applaus etter utdelinga.

Samfunnsnyttig arbeid

På heimesida til Slottet står følgande om prisen:

«Kongens Fortjenstmedalje ble stiftet av Kong Haakon VII 1. februar 1908. Den deles ut som belønning for innsats av særlig samfunnsgavnlig natur på områder som kunst, kultur, vitenskap, næringsliv, sosialt og humanitært arbeid.

Statuttene for tildeling av Kongens Fortjenstmedalje endres i tråd med samfunnsutviklingen. Den siste endringen ble gjort 30. mars 2012.

Etter statuttene fra 2012 blir det ved vurderingen av kandidater lagt avgjørende vekt på samfunnsnyttig innsats over lengre tid, inkludert frivillig arbeid og engasjement. 

Ved revisjonen i 2012 falt benevningen «Kongens Fortjenstmedalje i sølv» bort og ble erstattet av "Kongens Fortjenstmedalje".»

Under galleriet kan du lese  talen som ordføraren heldt då han delte ut utmerkinga
 

Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Willy Nesset på veg opp til scenen - Klikk for stort bilete
Willy Nesset på scenen - Klikk for stort bilete
Willy Nesset og ordførara Bernt Brandal - Klikk for stort bilete
Willy Nesset og ordførara Bernt Brandal - Klikk for stort bilete
Tildelingsbrevet: Tekst. VI HARALD NORGES KONGE gjør vitterlig at VI under 14. juni 2024 har tildelt Willy Magne Nesset Vår fortjenstmedalje. Signer Harald R - Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
medaljen og tildelingsbrevet - Klikk for stort bilete

 

 Talen

Eg er kjempestolt av å ha fått den ære å dele ut Kongens Fortjenstmedalje til ein verdig innbyggar i Hareid kommune. Dette er ei utmerking som heng svært høgt og ein skal urette mykje på mange områder for å få den.

Medaljemottakaren har vore ei eldsjel av dei sjeldne i Hareid Kommune. Heilt frå tenåra har han vore oppteken av å nytte mesteparten av fritida si på samfunnsnyttige føremål.

Han har i mange år vore aktiv innanfor fleire områder som kulturliv,  politikk og idrett på Sunnmøre. Det starta allereie då han som14 åring var med i ein gjeng som tok over den nedlagde skulen i heimbygda og starta Snipsøyrdalen Grendelag. Det vart lagt ned ein stor innsats for å bevare det eldste skulehuset i Hareid Kommune, Snipsøyrdalen skule.

Grendelaget har gjennom ulike arrangement stått for mykje verdifullt historisk arbeid - dalafestar, tradisjonelle julefestar i skulestova, aktivitetar for born. Grendelaget var også sentrale i arbeidet med restaurering av den populære vegen over Alskleiva.

 Idrett

I mange tiår var han trenar, spelar og sat i styre for ulike fotballag.

I Hareid IL byrja han spela fotball i 1966. Først gutelag, deretter junior og til slutt A-laget. Han var oppmann for det same laget i 6 år, og trenar i 2.

I tillegg har han vore medarrangør og foredragshaldar på sosiale arrangement i laget. Han var i heile  25 år med i ei økonominemnd som jobba for å skaffe ekstra midlar til idrettslaget.

På 70 talet jobba han som spelande trenar/vekselvis oppmann for A-laget til Haddal IL. Laget avanserte då fleire divisjonar til den gongen 3. divisjon for A-lag.  Han var også trenar eit par år på 90-talet.

Han hadde ei avgjerande rolle då Haramsøy og Nordøyane slo seg saman til  eit lag - HaNo. Som den relasjonsbyggaren han er, greidde han å stilne motsetningane mellom dei to laga , slik at dei til slutt greidde å arbeide som eit lag. Han leia også arbeidet med den første handlingsplanen for det samanslegne laget.

I tillegg til det administrative arbeidet i HaNo var han både trenar og spelar i mange år.

Han har vore aktiv i  Hareidsstemna i over 20 år. Rundt tusenårsskifte var han i 4-5 år også med i stemneleiinga. Han vart sett på som positiv, litt vågal,  ein gjennomførar og svært løysingsorientert.

Han har også hatt ansvar for  planlegging av festkvelden under Hareidsstemna fleire gongar, og også leia denne 6-7 gongar.

Hafest

I Hafest, som er sentrumsforeininga i Hareid, er han ein av sju medlemmer. Foreininga har som mål å fremje trivsel for fastbuande og andre som ferdast i Hareid sentrum. Her er han idemakar og pådrivar, og har hatt og har ansvar for fleire av prosjekta deira.

No er det vel ikkje tvil om kven eg snakkar om, medaljemottakaren er sjølvsagt Willy Nesset.

Willy Nesset har sitte i Hareid Kommunestyre i to periodar. Han var kjent som ein aktiv og løysingsorientert politikar med gode evner til samarbeid. I sju av desse åtte åra sat han også i Formannskapet. Han har hatt rolle som kommunestyrerepresentant, varaordførar og ordførar.

I dei seinare åra er det arbeidet med Ishavsmuseet Aarvak på Brandal og restaureringa og drift av Polarstar som har teke mesteparten av tida til medaljemottakaren. Her har han gjort ein innsats av nasjonal verdi.

Ishavshjarte

Ishavet og alt det representerer har stått Nesset sitt hjerte nær, og i åtte år sat han som styreleiar ved Ishavsmuseet Aarvak på Brandal. Han heldt fram med å stå på for museet med mål om å løfte det opp på nasjonale nivå. Han nytta sine politiske kontaktar, og har ein stor del av æra for at museet i dag vert rekna som nasjonalt dokumentasjonssenter med støtte over statsbudsjettet.

Ishavsskuta M/S Polarstar er i dag ein del av Ishavsmuseet Aarvak. Men den verneverdige skuta hadde ikkje overlevde kondemnering, vorte restaurert og i full drift utan Willy Nesset.

Polarstar er første selfangar bygd i stål. Den har fleire sesongar bak seg på selfangst, ekspedisjonar i arktiske farvatn og som Sysselmannsbåt på Svalbard.

I 2007 vart det avgjort at Polarstar skulle kondemnerast og ho vart ribba for det meste og gjort klar for hogging.  

Interessa og forståelsen av kor viktig det er å ta vare på historia medverka til at Nesset og selskapet hans kjøpte Polarstar i 2008 og tok skuta til Stettin i Polen for restaurering. Han samarbeidde tett med riksantikvaren for å få skuta godkjent som verneverdig. I tillegg gjorde han eit stort detektivarbeid for å finna bilete av originalt inventar, og få attende utstyr som hadde vorte fjerna.

Stod på kontinuerleg

Arbeidet ved verftet i Polen tok vel fire år og kosta mykje både av energi og pengar. Men Nesset gav ikkje opp, og i 2017 var skuta ferdig restaurert og kom heim til Brandal og Hareid Kommune.

Sjølv om her var mange som hjelpte til i arbeidet med å drifte skuta, det meste på dugnad, måtte Nesset stå på kontinuerleg for å få det til å gå rundt. I 2022 tok Ishavsmuseet over skuta der den no lever i beste velgåande og er eit nasjonalt monument for ei tradisjonsrik næring.

Fleire prisar

Willy har motteke ei rekke prisar for innsatsen sin:

2002 Hareidprisen – mangeårig innsats med frivillig arbeid for Hareidsstemna

2013 Hareidprisen – mangeårig innsats for kulturlivet i Hareid Kommune

2018 Hareidprisen – dugnadsarbeidet med restaurering av M/S Polarstar

2019 Paul Harris Fellow – The Rotary Foundation of Rotary International

Willy Nesset si drivkraft er patriotisme og kjærleik til heimbygda og kommunen sin. Sosial, raus, omtenksam, idefull, patriotisk, engasjert og handlekraftig. Han er så absolutt ein verdig mottakar av Kongens Fortenestemedalje.