Vi har ledig stilling som kommunalsjef!

Vil du leie helse- og omsorgsarbeidet i Hareid kommune? 

Erlend Friestad  

Denne artikkelen er over eitt år gamal og kan innehalde utdatert informasjon.
  • Du treng ikkje vere Florence Nightingale, men du må kjenne helsevesenet.
  • Du treng ikkje vere Åge Hareide, men du kan byggje eit lag og få det beste ut av den enkelte
  • Du treng ikkje vere Lars Monsen, men du må vere ein tydeleg leiar som utfordrar og oppmuntrar flokken din.
  • Du treng ikkje vere Karsten Warholm, men du må ha vilje, arbeidskapasitet og energi til å stå løpet ut.
  • Du treng ikkje vere Elon Musk, men du har visjonar og ønske om å utvikle sektoren.
  • Du treng ikkje vere Ida Wolden Bache, men du må ha god økonomiforståing.

 

Det er altså ingen enkel rolle vi ber deg om å ta, men vi veit du finst der ute. 

 

Helse- og omsorg er ein spennande sektor i vekst og utvikling. Som kommunalsjef her, vil du ha det øvste ansvaret for alle helsetenestene i kommunen. Dei tilsette i sektoren hjelper innbyggarar i alle aldrar, frå før dei er fødde til dei går ut av tida. Nokre har små utfordringar som kan løysast med enkle hjelpemiddel, og andre treng livslang bistand og oppfølging. 

Du får det overordna ansvaret for å drifte og utvikle tenestene våre, følgje opp helse- og omsorgsplanen, for kvalitetsstandardane våre, for personalhandteringa, strategi, økonomiforvaltning og mykje meir. Vi leiter etter deg som ønskjer å vere i stillinga over tid då vi treng å jobbe langsiktig med dette.

Vi trur at for å lukkast i denne jobben må du vere samfunnsinteressert, ha kunnskap om offentleg forvaltning og god forståing for rolla til administrasjonen og dei folkevalde. Du må leiarerfaring og leiarutdanning. Helsefagleg bakgrunn er også noko vi meiner vil hjelpe deg – så du kan vurdere tenestebehova og veit kva dei tilsette snakkar om. Du må ha god IKT-kunnskap og interesse for velferdsteknologi for vi arbeider med å bruke dette på ein god måte. Og ikkje minst: Du må vere flink til å gjere deg forstått både munnleg og skriftleg.

Blei du sveitt no? Du er heldigvis ikkje åleine om jobben. Med deg har du leiargruppa di: dei engasjerte avdelingsleiarane i sektoren. Du har ein kompetent stab og alle dei flinke tilsette på laget. På rådhuset finne du masse støttefunksjonar og sjølvsagt er du med i leiargruppa til kommunedirektøren. Det vil gjere din kompetanse tilgjengeleg for dei andre sektorane – og motsett – her kan du få støtte og hjelp.

Alle er interessert i at akkurat du skal lukkast i jobben din. For når du gjer det bra, gjer vi det bra.

Les meir og søk på stillinga her. (Søknadsfrist er utgått)