Vi har ledige stillingar i heimetenesta – både faste, vikariat og tilkalling - Hareid kommune

Vi har ledige stillingar i heimetenesta – både faste, vikariat og tilkalling

Heimetenesta handlar om å gi brukarane god livskvalitet, styrke eigne ressursar og leggje til rette for at dei kan bu i eige heim så lenge som mogleg. 

Fast stilling som sjukepleiar i heimetenesta - for tida natt

Vil du vere med og skape tryggleik, trivsel og meistring for menneske som treng oss – når dagen går mot natt? Hareid heimesjukepleie søkjer engasjerte sjukepleiarar til natt-tenesta i 85 prosent fast stilling, med snarleg oppstart. Vi ser etter deg som ønskjer å bruke din faglege kompetanse, kliniske vurderingsevne og omsorgsfulle tilnærming for å sikre gode tenester til heimebuande og til bebuarar i omsorgsbustader.

Søknadsfrist 5. april.

Les meir og søk her.

 

Helsefagarbeidar i heimetenesta– fast eller vikar

Vi har ei fast 90-prosentstilling i todelt turnus med arbeid kvar tredje helg, og eit 100 prosent svangerskapsvikariat i tredelt turnus med helg på natt. Oppstart er så snart som mogleg.

Vi ser etter ein person som tek ansvar, møter menneske med varme og respekt, og som er løysingsorientert i møte med nye utfordringar. Du trivst med ein aktiv kvardag der ingen dagar er heilt like, og du evnar å halde humøret oppe sjølv når arbeidsmengda er stor. Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner er viktige eigenskapar i denne rolla, og vi ønskjer oss ein medarbeidar som bidreg positivt både fagleg og sosialt.

Søknadsfrist 13. april.

Les meir og søk her.

 

Helgestillingar og tilkallingsvikar i heimetenesta

Er du sjukepleiar, vernepleiar, helsefagarbeidar, student innan relevant fagområde, eller ufaglært med interesse for helse- og omsorgsarbeid? Då kan du vere den vi leitar etter. Vi søkjer tilkallingsvikarar som også kan jobbe kvar tredje helg i heimetenesta. I tillegg til helgestillinga kan det også vere aktuelt med vakter på dag og kveld, måndag til søndag, for å dekke både akutt og planlagt fråvær i eininga. Vi ønskjer også at du har moglegheit til å jobbe i feriar og høgtider.

Søknadsfrist 13. april.

Les meir og søk her.

 

utsikt frå sommarfjøset mot Hareid og Melshornet. Sommarkveld - Klikk for stort bilete Erlend Friestad