Vi inviterer til folkefest på Tusenårsplassen!

Hareid kommune inviterer alle som vil til å vere med på folkefesten i samband med kongebesøket.

Dronefoto av Hareid sentrum med tusenårsplassen i fokus. - Klikk for stort bileteKongeparet vil gå i land på Tusenårsplassen via flytebrygga. Erlend Friestad  

Denne artikkelen er over eitt år gamal og kan innehalde utdatert informasjon.

Torsdag 1. september klokka 1030 vil kong Harald og dronning Sonja stige i land frå sjaluppen som har frakta dei frå kongeskipet. Då vil vi at dei skal bli møtt av eit folke- og flagghav på Tusenårsplassen. Vi vonar derfor at mange vil ta turen for å helse kongeparet og vere med på festen.

LES OGSÅ: Alt du treng å vite om kongebesøket

Ny tusenårsplass

På den nyopprusta Tusenårsplassen vil vi vise fram det rike kulturlivet og frivillige arbeidet i kommunen. Kongeparet har nokre temaområde dei legg ekstra vekt på. Av desse har vi på Tusenårsplassen vald å fokusere på barn, unge og idrett. Vi er også veldig stolte av det flotte frivillige arbeidet i kommunen, og sidan det er frivilligheitens år i år, vil vi også løfte fram dette under besøket.

Felleskor

Kongeparet vil mellom anna få sjå innslag av turnarane frå 100-årsjubilanten Hareid IL, tale frå ultraløparen Therese Falk, musikk frå Kontrollert Kaos, Musikklaget Melshorn og Hjørungavåg Brass. Dei skal også få høyre oss alle synge. Hugsar de det digitale bygdekoret frå 17. mai 2020? No kan vi tre ut frå skjermane å synge Nordmannen saman, og for sjølvaste kongeparet. Her er det berre å reinske stemmebanda! Vi vil få hjelp av kulturskulen, Hareid barnekantori, Tensing, Gollj og Gråstein, Hareid kammerkor, Hareid blandakor, Grimstadkoret, Brandalskoret og Vox Virorum. 

Det blir også tale frå kong Harald sjølv. Den vil han framføre frå talarstolen far hans talte frå då vi markerte tusenårsjubileet for slaget ved Hjørungavåg!

Ishavsmuseet

Kongeparet vil også ta turen til Ishavsmuseet for å møte inviterte representantar frå næringsliv og Ishavsmuseet. Her vil vi leggje vekt på to andre temaområde som kongeparet vil vite meir om, nemleg hav og klima. Her vil dei få høyre mellom anna Corsonus og tale frå ordførar Bernt Brandal.

Festen held fram!

Medan kongeparet er i Brandal, vil festen halde fram på Tusenårsplassen. Det vil vere fleire innslag på scena frå kulturskulen, turngruppa, Ronald Øvrelid og Kontrollert Kaos. Det vil også bli moglegheit for å kjøpe mat frå ulike boder.

Når kongeparet er ferdig i Brandal vil dei kome tilbake til Tusenårsplassen. Der vil dei ta farvel med oss før dei blir frakta ut til kongeskipet som ligg inne i hamna.

Følg med på nettsidene og Facebook-sidene til Hareid kommune for meir praktisk informasjon om kongebesøket.