Vi lagar ny helse- og omsorgsplan

Brukararrepresentantar, tilsette og folkevalde jobbar saman for å snekre ein av dei viktigaste planane for Hareid kommune. Snart vil vi høyre di meining!

Erlend Friestad  

I nær framtid skal vi sørge for velferd og helsetenester til langt fleire trengande med færre hender til å utføre oppgåvene. Spørsmålet vert korleis vi bur oss på dette, og kva grep vi må ta her og no, og på litt lenger sikt. Korleis vil Hareid-samfunnet legge til rette for at folk er mest mogleg sjølvhjelpte, korleis kan vi sikre at hjelpa går til den som til ei kvar tid treng den mest. Korleis skal vi fordele dei kronene vi har på ulike førebyggjande- og hjelpetiltak. Dette er noko av det helse- og omsorgsplanen skal finne svaret på.

Målet er å lage ein plan som blir brukt i organisasjonen og ikkje berre blir liggande i ein skuff. Derfor er svært mange involvert i arbeidet for å gjere planen så realistisk og nær verkelegheita som mogleg.

 

Slik jobbar vi

Dei som arbeider med planen er delt inn i fire grupper etter kvar i livsløpet brukarane er: Barn og unge, unge vaksne, vaksne og eldre. Til saman har deltakarane ein svært brei bakgrunn. Det sit sjukepleiarar, helsesjukepleiarar, lærarar, fysioterapeutar, leiarar, folkevalde, frivillige, tillitsvalde med meir i gruppene.

Kvar gruppe har jobba med sitt felt, men vi har også hatt fellesmøte der vi arbeider på tvers.

Arbeidet framover

Resultatet frå gruppearbeida vil bli lagt inn i planen. Planen blir så fyrstegongshandsama av dei folkevalde organa. Her skal ungdsomsråd, eldreråd og råd for menneske med nedsette funksjonsevner (RFU), levekårsutvalet, formannskapet og til slutt kommunestyret seie si meining.

Etter dette blir planen sendt ut på høyring. Det vil skje i slutten av oktober.

Kva meiner du?

Den eine av arbeidsgruppa har ansvar for å hente inn gode tilbakemeldingar i høyringsperioden. Vi kjem mellom anna til å leggje ut spørjeundersøking på nettside, vi kjem til å gå på enkeltorganisasjonar og grupper/personar med konkrete spørsmål om planen.

Alle som vil kan levere innspel til planen. Følg med på nettsida for å kvar du skal sende desse.

Vedtak

Når høyringsperioden er over, vil innspela som er kome inn bli vurdert og eventuelt tatt inn i planen. Så vil dei folkevalde organa igjen gå gjennom planen. Kommunestyret vil forhåpentlegvis godkjenne planen i møtet sitt 9. desember.