Vi søker etter helsefagarbeidarar til sjukeheim og heimeteneste

Som helsefagarbeidar hos oss har du ein nøkkelrolle i å sikre tryggheit, god pleie og medisinsk oppfølging for pasientar i avdeling og heimebuande brukarar.

Ein raud rododendron framfor sjukeheimsfasaden - Klikk for stort bilete Erlend Friestad

Du følgjer opp individuelle behov, gir bistand i daglege gjeremål, utfører helsefaglege prosedyrar og handterer medikamenta etter delegasjon. Vi legg stor vekt på tett samarbeid med sjukepleiar, kollegaer og pårørande for å sikre heilskapleg og koordinert omsorg. Hos oss får du faglege utfordringar, eit inkluderande arbeidsmiljø og ein arbeidskvardag der du verkeleg utgjer ein forskjell. Du vil få god opplæring og oppfølging ved oppstart, og bli ein del av eit erfarent team som verdset samarbeid, fleksibilitet og fagleg utvikling.

 Les meir og søk her.