Vi treng framleis bustadar til flyktningar

Hareid kommune skal busette mange flyktningar i tida framover. Dei treng stad å bu. Har du stad å leige ut?

Dronefoto av Hareid sentrum mot Holstadhornet. - Klikk for stort bilete Erlend Friestad

Vi ønsker å få oversikt over potensielle bustadar for flyktningar. Dette er noko vi alltid ser etter, men situasjonen i Ukraina har auka behovet ytterlegare.

Dette treng vi:

Bustadane vi ønsker oversikt over må oppfylle følgande kriterium:

  • Eigen bustad (eigen inngang)
  • Rom godkjend til opphald (brannsikring, rømingsvegar, dagslys mm)
  • Kjøken, opphaldsrom, bad og soverom
  • Internett
  • Vi ser helst at bustaden er møblert

Her melder du inn

Har du ein ledig bustad som stettar kriteria over?

Registrer deg og bustaden via dette skjemaet.

Her kan du også stille spørsmål om du har det.

Det er ikkje forpliktande for deg å melde inn bustaden i skjemaet. Vi er heller ikkje forplikta til å nytte bustadane som blir melde inn.