Vi treng lærarar – både no og til hausten
Er du ein engasjert lærar og omgjengeleg kollega, som meistrar og har sansen for dei varierte forventningane det er knytt til det å vere tilsett i skulen i dag? Då ønsker vi i å høyre frå deg!
Melshornet, 668 meter over havet.
Erlend Friestad
Hareid kommune har ledige lærarstillingar i grunnskulen frå dags dato og frå 1. august. Her vert vi einige om kva som passar deg og oss best.
Vi ønsker at du har god, fagleg breidde og eitt eller helst to basisfag. Elles er det særleg innan IKT, spesialpedagogikk, kunst og handverk, kroppsøving, mat og helse og naturfag vi har bruk for fleire lærarar.
Som søkar bør du rekne med og kanskje jamvel ønskje deg å vere kontaktlærar.
I Hareid-skulen har vi eit breitt syn på kva eit godt læringsmiljø skal innehalde. Vi tenkjer langsiktig på satsingane vi no er inne i kring språk og lesing, læringsmiljø og den komande satsinga på ein meir praktisk skule.
Les meir og søk her.
Søknadsfrist 17. mars.
Publisert 03.03.2025 10:07
Sist endra 03.03.2025 10:07