Vi treng råd frå eldre, ungdom og menneske med nedsett funksjonsevne

Høyrer du til, eller er pårørande til nokon i desse gruppene, då vil vi høyre frå deg.

Bilete av fleire hender som gir high five - Klikk for stort bilete Pexels.com

Hareid kommune har tre såkalla medverknadsråd. Dei representerer tre ulike grupper: eldre, ungdom og menneske med nedsett funksjonsevne. Dette er tre grupper som tradisjonelt er underrepresenterte i dei andre folkevalde organa. Det er derfor lovpålagt for alle kommunar å ha råd som skal sjå til at desse gruppene blir høyrde.

 

Korleis arbeider råda?

Råda skal ha ei ombodsrolle for gruppene dei representerer. Dei har rett på å få uttale seg i alle saker som skal opp i dei andre folkevalde organa, til dømes kommunestyret. Dei kan også på eige initiativ ta opp saker. Uttalene vedtek råda i møta sine, men leiarane i råda har også mynde til å uttale seg på vegner av råda. Det er også naturleg at leiarane vil ha tettare kontakt med administrasjonen og dei andre folkevalde. Normalt har råda møte 2-3 gonger i halvåret, men det kan også bli hyppigare møte ved behov.

Hareid kommune har gitt råda tale- og møterett i alle folkevalde organ. Dette har vi gjort for å sikre at råda får kome fram med si meining.

 

Kven kan sitje i råda?

Det er naturleg at du har ei tilknyting til den gruppa om du skal sitje i desse råda, men du kan godt sitje i rådet som pårørande. Du treng altså ikkje vere eldre eller ha ei funksjonshemming for å vere medlem i eldrerådet eller råd for menneske med nedsett funksjonsevne.

 

Ungdomsrådet

For ungdomsrådet er det eigne reglar. Her kan berre ungdom sitje. Ungdom er du fram til du fyller 19. Du kan altså bli vald inn i ungdomsrådet dersom du er 18 år og 364 dagar på valtidspunktet. Valperioden er på to år.

 

Kor mange medlemmar har råda?

Eldrerådet og råd for menneske med nedsett funksjonsevne har fem medlemmar og tre varamedlemmar. Ungdomsrådet har til no hatt ti medlemmar og ingen varamedlemmar. Det kan vere det talet blir endra før nyvalet.

 

Invitasjon til organisasjonane

Organisasjonar som representerer desse gruppene er velkomne til å føreslå kandidatar til rådet.

 

Forslag til medlemmar?

Vil du eller har du eller organisasjonen din aktuelle råds-kandidatar? Send ein e-post til erlend.friestad@hareid.kommune.no.

 

Kven vel råda?

Det er kommunestyret som vel råda. Det vil dei gjere i eitt av dei siste kommunestyremøta i 2023.