Erlend Friestad
Dette kan spare kommunen for om lag 70.000 kroner. I den økonomiske situasjonen kommunen er i, er det behov for å sjå på alle moglegheiter for å kutte kostnadar. Særleg gjeld det kostnadar som ikkje vesentleg reduserer tenestenivået. I dette tilfelle er det lite sannsyn for redusert valdeltaking, og nærast ein garanti for at alle som vil røyste, får røyste.
Saka skal handsamast i formannskapet (10. mars) og kommunestyret (20. mars). Begge møta er opne for publikum og blir sendt direkte på Facebook og nettsida vår. Her kan du lese heile saklista til møtet.
Korte avstandar
Hareid har i «alle» år hatt fire valkrinsar med tilhøyrande vallokale:
- Hareid
- Bigset
- Hjørungavåg
- Brandal
Samanlikna med andre kommunar, er det små avstandar mellom vallokala. Med bil, som mange vil løyse uansett, er det berre 5-6 minutt mellom rådhuset og vallokala i krinsane. Svært mange av dei som bur i krinsane er også gjennom sentrum i løpet av valdagen.
Om lag 700 har nytta vallokala i krinsane ved tidlegare val. Kapasiteten på rådhuset er god nok til å ta imot desse utan problem.
Dyrare i drift
Ein annan faktor som har medverka til denne utgreiinga, er at ny vallov har gjort det dyrare for Hareid kommune å arrangere val. Fram til no har Hareid kommune nytta røystestyra til den praktiske gjennomføringa av valet i vallokala. Dette folkevalde nivået er teke bort i ny vallov. Vi må derfor tilsette personar.
Medan folkevalde blir betalt godtgjersle per møte (vakt) og eventuelt tapt arbeidsinntekt, blir tilsette betalt per time. Godtgjersle for røystestyra ville vore om lag 650, medan vi må rekne med timeløn (inkludert feriepengar og arbeidsgivaravgift) på rundt 350 kroner. Ein vakt i krinsane er om lag timar – og vil no koste ein plass mellom 1500-2000 kroner.
Personellkostandar for å ha vallokale i krinsane vil ligge på rundt 37.000 kroner.
Vanskeleg rekruttering
Valansvarleg er bekymra for rekrutteringa av valmedarbeidarar på grunn av avviklinga av røystestyra. Arbeidsgivar er ikkje pliktig til å gi tilsette fri når dei ikkje lenger er folkevalde.
Når valmedarbeidarane ikkje lenger er folkevalde, har dei heller ikkje krav på tapt arbeidsforteneste. Personar i jobb vil derfor risikere å tape på å vere valmedarbeidarar (om dei får lov av arbeidsgivar), då løna vi kan tilby sannsynlegvis er under det dei tener til vanleg. Ein kjapp titt på røystestyra frå 2023 viser at om lag halvparten av medlemmane er arbeidstakarar.
Vi risikerer å gå glipp av mykje erfaring og kompetanse om vi mistar mange av desse som har vore med på fleire val. Det er derfor ønskeleg å samle den kompetansen og erfaringa som blir igjen på éin krins, i staden for å smøre han ut over.
Kostar å gjere tilgjengeleg
Ein annan økonomisk konsekvens av ny vallova, er strengare krav til vallokala. No skal alle vere moglege å kome seg inn i utan hjelp for folk med nedsett funksjonsevne. Valansvarleg og eigedomsleiar har saman med representantar for råd for menneske med nedsett funksjonsevne hatt synfaring i alle vallokala for å sjå kva det vil koste og tilfredsstille desse krava. For krinsane samla vil denne kostnaden vere 22.000 kroner.
Anna utstyr
Kommunen må også betale for utstyr til vallokala, som PC-ar, smartkort og kortlesarar. Dette vil koste om lag 9000 for krinsane samla.
Valdeltaking
Det finst lite forsking på korleis avstand til vallokala spelar inn på valdeltaking. Ein dansk studie frå 2012 fann at veljarar som budde lengre frå vallokalet var meir sannsynleg å bli sofaveljarar ved kommunevalet, samanlikna med dei som budde nærare. Studien reknar med at nedlegging av vallokale etter den danske kommunereforma kan ha ført til ein nedgang i valdeltakinga på mellom 0,2 og 0,5 prosentpoeng.
Spørsmålet er om dette er relevant og samanliknbart med Hareid. Stikkprøver av dei danske valkrinsane, viser at avstandane mellom tettstadane i valkrinsane ofte er dobbelt så store som det eventuelt vil bli i Hareid kommune. I Hareid vil svært mange velje å løyse bil for å røyste uansett. Til dømes ligg meir enn halve Hjørungavåg meir ein 1 kilometer frå Hjørungavåg skule, det same gjeld Bigset krins. Dei ekstra minutta i bilen vil neppe føre til at folk let vere å røyste.
I ein annan forskingsrapport skriv Dag Arne Christensen og Tor Midtbø at det å auka talet på vallokale, eller å innføra stemmegiving på søndagar, ikkje ser ut til å ha nokon positiv effekt.
Vi har også lokale døme på samanslåing av valkrinsar. Ved førre tok Ulstein bort dei ytste valkrinsane (Flø, Eiksund og Dimna). Dei opplevde ikkje reduksjon i valdeltakinga (opp 0,2 prosentpoeng), eller fekk høyre om personar som let vere å røyste på grunn av litt lengre reiseveg. (Mellom Flø og Ulstein er det ni minutt med bil, nesten dobbelt så langt som mellom Brandal og Hareid.)
Fleire norske kommunar har også i år redusert talet på valkrinsar, mellom anna Klepp kommune i Rogland som i år har gått frå seks til éin. Klepp kommune har over 20.000 innbyggarar og har større avstandar mellom dei gamle vallokala og sentrum, enn det vil vere i Hareid.
Det vil vere umogleg å garantere at enkeltpersonar ikkje kjem til å røyste på grunn av lengre avstand til vallokalet, men det er ingenting som peiker på at det vil få store konsekvensar.
Det som nærast kan garanterast, er at alle som vil røyste får røyste. Tilbodet til veljarar i Noreg og Hareid er svært godt. Allereie frå 1. juli kan veljarar røyste i heile landet. På Hareid vil det vere ope kvar verkedag, ettermiddagsope kvar dag siste veka og kveldsope to torsdagar. Personar som på grunn av sjukdom eller uførheit ikkje kjem seg til eit vallokale, kan også be om heimerøysting.