Vil din arbeidsplass gjere ein innsats for eit inkluderande lokalsamfunn?

Vil du og dei du jobbar med lære meir om korleis de møter menneske med demens på ein god måte i kvardagen?

Bilete av eldre mann som viser to tomlar opp. - Klikk for stort bilete Pexels.com

Velkomen til gratis kurs 19. september klokka 18!

 

Invitasjon til kurs i demensvenleg samfunn

Over 2 prosent av befolkninga i Hareid kommune har påvist ein demenssjukdom, og dette talet er raskt aukande. Skal kommunen vår framleis vere ei god kommune å bu i for alle, så treng vi auka kunnskap og bevisstheit rundt korleis vi skal handtere desse utfordringane.

I samarbeid med Nasjonalforeningen for folkehelse har Hareid kommune inngått avtale om å verte eit demensvenleg samfunn. Kommunen tilbyr kurs til tilsette i servicenæring, kultur, offentlege instansar. På dette kurset vil deltakarane lære korleis dei på best mogleg måte kan yte god service til personar med kognitiv svikt og demens. Kurset varer  1,5 – 2 timar og er gratis.

 

Kvifor bli med?

Eit meir demensvenleg samfunn er avgjerande for mange og bra for alle. Personar med demens vert meir sjølvhjelpt og kan leve aktive liv lengst mogleg. Ved å verte møtt med respekt og forståing, vil personar med demens og deira pårørande oppleve tryggheit, friheit og verdigheit. Kunnskapen bidrar til at arbeidskvardagen til personar i ulike serviceyrke vert enklare, og dei som deltek bidrar til å skape eit positivt og inkluderande omdøme for si eiga verksemd og for lokalsamfunnet. Alle som deltek på kurset får klistremerke som viser at dei har kompetanse om korleis ein møter menneske med demens. Klistremerket kan dei plassere synleg, som på eit vindauge eller ei dør.

 

Kven kan melde seg på?

Verksemder, bedrifter og andre som kjem i kontakt med personar med demens kan melde seg på. Det kan vere butikkar, bibliotek, tannlegesenter, NAV, drosjesjåførar, fastlegekontor, bank, kyrkjekontor osv.

Kurset vert arrangert tysdag 19. september kl 18-19.30 i kommunestyresalen.

Påmelding og evt spørsmål kan rettast til demenskoordinator i Hareid kommune, Kamilla Grimstad Hagen.

kamillagrimstad.hagen@hareid.kommune.no // 48 10 44 97

Håper mange har høve til å delta!