Vil du arbeide saman med oss heimetenesta?

Vi har ledig eit vikariat som sjukepleiar fram til 31.12.2023.

Sjukepleiar held handa til mannleg pasient. - Klikk for stort bileteillustrasjonsfoto shutterstock
Denne artikkelen er over eitt år gamal og kan innehalde utdatert informasjon.

Eininga for heimetenester har ledig eit vikariat som sjukepleiar i 80-100 % stilling i perioden fram til 31. desember 2023.

Søknadsfrist er onsdag 7. desember og vi håper du kan starte opp snarast.

Arbeidsplanen er todelt med arbeid kvar 3. helg og du har fast arbeidsplan. Delar av stillinga inngår i eit ressurslag, der vakter kan innebere arbeid også i korttidseininga på sjukeheimen. Vi ønskjer oss deg som gjerne går inn i ei stilling med ein fleksibel arbeidskvardag. Ved interne rokkeringar, kan andre ledige stillingar vere aktuelle.

Vi har eit tett og godt samarbeid mellom einingane i sektor for velferd, noko som er svært viktig for pasientforløp og pasientsikkerheit. I fellesskap skal vi bidra til fagleg gode tenester og vår nye medarbeidar skal delta positivt inn i gruppa. Du blir med oss der vi i lag skaper gode helsetenester i dag, og i tida som kjem. 

Her kan du lese meir og søke på stillinga

Har du spørsmål, kan du vende deg til einingsleiar Christina Aasen Helvig på mobil nr. 476 82 834.