Vil du danse i lag med elevane våre?

Vi har ledig stilling som dansepedagog.

Jente (med ryggen til) som dansar ballet. Bilete i svart-kvitt. - Klikk for stort bilete Pexels.com/Skitterphoto  

Denne artikkelen er over eitt år gamal og kan innehalde utdatert informasjon.

Hareid musikk- og kulturskule har som mål å vere ein kreativ og inkluderande plass for born, ungdom og andre brukarar. Vi tilbyr opplæring i musikk, dans og visuell kunst.
 «Levande uttrykk» er vår visjon. Vi skal gje born og unge i Hareid dei beste moglegheitene til å utvikle sine kunstnariske evner og ibuande skaparkraft. Målet er å bidra til at elevane utviklar ei vedvarande interesse for kunst og kultur. Hareid Musikk- og Kulturskule har  i dag 255 elevplassar og 12 tilsette. 

Undervisninga i dans legg vekt på å utvikle grunnleggande ferdigheiter innanfor ulike stilartar som klassisk, jazz og hip hop. Viktig mål er at eleven får oppleve danseglede. 

Les meir og søk her