Vil du ha ei synleg stilling som vil vere viktig for Hareid kommune si framtid?

Stillinga som leiar av plan, byggesak og geodata er ledig.

Erlend Friestad

For tida held vi på å revidere planane våre. Både kommuneplanen sin arealdel og samfunnsdel skal rullerast. Dette er dei mest sentrale planane ein kommune har, og vil leggje føringar for kommunen i lang tid. Du vil få ein sentral og synleg rolle i dette arbeidet.

Ansvarsområdet ditt vil mellom anna vere arbeid med samfunnsplanlegging, private reguleringsplanar og overordna beredskap. Elles har eininga ansvar for ei mengd ulike oppgåver, mellom anna planlegging og sakshandsaming etter plan- og bygningslova, oppmåling og matrikkelføring, forvaltning og drift av geodata i kommunen.

Les meir og søk her!