Vil du jobbe i heimetenesta?

Vi har ledig stilling som helsefagarbeidar.

Pexels/Pixabay  

Denne artikkelen er over eitt år gamal og kan innehalde utdatert informasjon.

Vil du bli ein del av eit godt arbeidsmiljø med dyktige og engasjerte kollegaar? I heimetenesta har vi ledig ei fast 80 prosentstilling som helsefagarbeidar. Stillinga er todelt der hovudtyngda vil vere i heimetenesta. Den resterande stillingsbrøken vil vere i ressurslag som er med på å dekke opp vikarbehov også på sjukeheimen.

Som helsefagarbeidar vil du gi helse- og omsorgstenester både i brukar sin private heim, eller i omsorgsbustader og sjukeheim. Du vil også vere med på helsefaglege vurderingar i samarbeid med ansvarleg sjukepleiar og anna helsepersonell

I sektor for velferd ønskjer vi oss engasjerte, profesjonelle og løysningsorienterte medarbeidarar. Vi vil at du viser respekt og er raus. Du har evne til å arbeide sjølvstendig, og har gode samarbeidsevner. Vi legg stor vekt på personleg eignaheit, stabilitet, verdigrunnlag og arbeidsmoral ved tilsetting. 

Les meir om stillinga og søk her!