Vil du jobbe som kontrollar i den mest sentrale kommunen på Sunnmøre?

Vi leiter etter ein som vil vere sentral i å ha god økonomistyring i kommunen.

Vi søkjer no etter kontrollar i ei nyoppretta stilling. Stillinga er organisatorisk knytt til kommunedirektørens kontor. I hovudsak er arbeidet knytt til det å oppretthalde god budsjettering og kostnadskontroll. Du vil rapportere direkte til kommunedirektøren, og vere ein del av kommunedirektørens sentrale leiargruppe.

Les meir og søk her!

Vil du bu på sentral tomt med masse utsikt?

Snart kjem utsiktstomtene på Plassane for sal. Dette er sjølvbyggartomtar

Send e-post til Aina Giskeødegård Balsnes om du er interessert i ei av tomtene, eller informasjon om dei. 
Vi vil då halde deg oppdatert på salsprosessen, arbeidet med tomtane og anna relevant informasjon. Registreringa er ikkje forpliktande.

Sjå elles hareid.kommune.no/plassane for utfyllande informasjon.