Vil du sende barnet ditt på friluftsskule i sommar?

Sunnmøre friluftsråd arrangerer fire friluftsskular i sommarferien i slutten av juni/starten av juli 2023!

Bilete av ryggen til to som padlar kajak i skjærgården. - Klikk for stort bilete Pexels.com

Sunnmøre friluftsskule er eit utval  kjekke friluftslivsaktivitetar for born/unge i alderen 11-13 år og går over fire dagar. Det blir mellom anna leikar, tur, bading og kajakk.

Påmeldinga er opna og deltakarane får plass fortløpande til det blir fullt.

Friluftsskulen kostar 500 kroner og påmeldinga er bindande.

Fire dagar med aktivitet

Aktivitetane i friluftsskulen skjer på dagtid frå 0900-1600 måndag til torsdag eller tysdag til fredag. Vi har camp dei tre første dagane og ein avsluttande dagsekspedisjon i nærområdet siste dag. Du melder deg på heile friluftsskulen (fire dagar).

Ingen av friluftsskulane er på Hareidlandet, men med litt samkøyring vil dette kunne vere eit kjekt tilbud for søsken eller veneflokk. Friluftsrådet har også 12-timars påmeldingsgaranti. Det vil seie at dei garanterer plass til to søsken eller to vener som ynskjer å vere i lag på friluftsskulen. Melder du på ein og det er fullt når du melder på nummer to, garanterer vi at vi ordnar plass til nummer to dersom du seier i frå innan 12 timar. 

Friluftsskulane i år blir på:

Klikk på den friluftsskulen du kunne tenke deg å delta på, så kjem du til påmeldingsskjemaet.

Friluftsrådet har og oppretta ei eiga Facebook-side for arrangement i friluftsskulen. Lik oss der og få påminning om aktivitetar og arrangement! www.facebook.com/friluftsskule

Historikk

Sunnmøre friluftsråd har tradisjon for å arrangere friluftsskular sommarferien. Her kan du lese meir om tidlegare år: Friluftsskular historikk 2014-2021 

NRK Møre og Romsdal laga denne TV-reportasjen då dei besøkte Friluftsskulen 2014 ein dag Vikingleikar stod på programmet.

Har du ytterlegare spørsmål, kontakt Sunnmøre friluftsråd på friluftsskule@friluftsraadet.no