Vil du synge og spele i lag med elevane våre?

Hareid musikk- og kulturskule har ledig stilling som song- og pianopedagog.

To hender som speler på eit piano - Klikk for stort bilete Pexels /Juan Pablo Serrano Arenas  

Hareid musikk- og kulturskule har som mål å vere ein kreativ og inkluderande plass for born, ungdom og andre brukarar. Vi tilbyr opplæring i musikk, dans og visuell kunst.  «Levande uttrykk» er vår visjon. Vi skal gje born og unge i Hareid dei beste moglegheitene til å utvikle sine kunstnariske evner og ibuande skaparkraft. Målet er å bidra til at elevane utviklar ei vedvarande interesse for kunst og kultur. Hareid Musikk- og Kulturskule har i dag 255 elevplassar og 12 tilsette. 

Vi har ledig 30- prosentstilling som pianopedagog og 30-prosent i song. Stillingane kan kombinerast dersom du er kvalifisert. 

Undervisninga skal sørge for at alle elevar får bruke potensialet sitt så langt som mulig. Det er også viktig og fange opp talenta for vidare utvikling.

Les meir og søk her!