Vil du vere jordmor på Hareid?

Her får du flotte kollegaar og beste utsikt frå kontoret.

Gravid kvinne med rosa kjole held små babysko. - Klikk for stort bilete Pexelsl.com

Hareid kommune søkjer etter jordmor i 50 prosent fast stilling. Du vil bli kollega med dei dyktige og kjekke tilsette på helsestasjonen som ein del av helsestasjon- og skulehelsetenesta. Vi held til i nye flotte lokale på Hareid helsehus. Hareid kommune har omlag 55-60 fødslar i året.

Vi vil så langt som råd legge til rette for at du kan kombinere stillinga med arbeid til dømes på fødeavdeling. 

Les meir og søk her!

Vil du bu på sentral tomt med masse utsikt?

Snart kjem utsiktstomtene på Plassane for sal. Dette er sjølvbyggartomtar

Send e-post til Aina Giskeødegård Balsnes om du er interessert i ei av tomtene, eller informasjon om dei. 
Vi vil då halde deg oppdatert på salsprosessen, arbeidet med tomtane og anna relevant informasjon. Registreringa er ikkje forpliktande.

Sjå elles hareid.kommune.no/plassane for utfyllande informasjon.