Vil du vere med på å utvikle byggeklare tomter og næringsareal?

Hareid kommune søkjer Prosjektleiar i eininga for næring, kultur og busetjing, sektor for samfunnsutvikling. Søknadsfrist: 16.11.2022.

Bilete viser landskap og plankart over tomter og bygningar. - Klikk for stort bilete shutterstock
Denne artikkelen er over eitt år gamal og kan innehalde utdatert informasjon.

Vi ser etter ein engasjert og strukturert person til å leie arbeidet med å få fram byggeklare tomter i alle krinsar i kommunen, samt å tilrettelegge for ny og eksisterande næring.

Eining for næring, kultur og busetjing arbeider med å fremje bulyst i kommunen og det er allereie fleire spennande prosjekt på gong. Du vil få ansvar for oppfølging og gjennomføring av ulike typer prosjekt med ansvar for økonomi- og prosjektrapportering. Vidare vil du vere byggherren sin representant, og følge prosjektet frå start til slutt.

Om du trur du er personen vi leiter etter, så søk på jobben så fort som mogleg, og seinast onsdag 16. november!

Korleis søkjer du?

Her finn du lenke til stillingsannonse der du finn meir informasjon og kan søkje på stillinga. Aktuelle kandidatar vert kalla inn til intervju etter nærare avtale.

Har du spørsmål - ta kontakt med Einingsleiar Aina Giskeødegård Balsnes på telefon 46809625.