Wow! Wow! Wow! – Sjå kor mykje vi fekk inn i fellesfyrverkeriinnsamlinga

Fellesfyrverkeriet blei verkeleg felleseige. Heile 239 enkeltpersonar og 10 verksemder blei med på spleiselaget.

fyrverkerkeri sett frå indre Hareid - Klikk for stort bilete Erlend Friestad

Her er nokre av reaksjonane vi fekk etter oppskytinga:

  • For eit flott show! 
  • Utruleg fint fyrverkeri i år!
  • Veldig bra fyrverkeri! Absolutt verdt pengane det kosta!
  • Kjempeflott markering og flott at vi spleiser på dette. Tryggare og en topp oppleving!
  •  

Totalsummen blei langt over målet på 75000 kroner. 

Fasit: 102 900 kroner fekk vi inn! Det er imponerande!

Overskotet frå 2025-innsamlinga blir lagt til sides til neste nyttårsaftan 2026. Det gir oss ein god buffer som vi treng, då vi må bestille fyrverkeriet lenge før vi startar å samle inn. Men spørsmålet som melder seg, er om vi no skal bestille eit større fyrverkeri? Eller om vi skal halde oss på (om lag) 75 000 og så bruke eit eventuelt overskot til andre gode fellestiltak. 

Har du meiningar her? Legg dei igjen i tilbakemeldingsfeltet nedst i artikkelen.    

 

Sponsorane våre

Vi vil særleg takke verksemdene som valde å sponse fellesfyrverkeriet. Dei var: 

💥 Dimo: 3000 kroner

💥 Posten restaurant: 4000 kroner

💥 Libra: 5000 kroner

💥 Blink Hus Søre Sunnmøre: 2000 kroner

💥 Topfix frisør: 1000 kroner

💥 Hav og Helse - legekontoret for sjøfolk på Sunnmøre: 5000 kroner

💥 Ward 1 AS: 3000 kroner

💥 Herifrå: 1000 kroner

💥 Hareid Elektriske AS: 5000 kroner

💥 Millennium Kafé: 5000 kroner

Tusen takk!

 

PS: I Oslo klarte dei berre å samle inn 95000 og måtte avlyse fellesfyrverkeriet